Ein skog av trådar

Tolkingar i tråd, tekst og teikn

Delar av denne utstillinga kan du sjå på Vest-Telemark Museum på Eidsborg i sommar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Treet og rota, kvisten og lauvet, elva og vatnet, frøet og blomen, tråden og knuten knyt saman eit landskap der små repetitive element vert ein heilskap. Borghild Telnes knyter i denne utstillinga saman nyskrivne tekstar av diktaren Kristine Søgne med trådarbeid, kalligrafi og trykk. Kruna og sylja i sylv, som du ser på dette biletet, er lånt av filigranssylvsmed og kunsthandverkar Gry Marie Grindbakken.

I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetitive element blir til ein heilskap. Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkeviser og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket. Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.

Dei eldre tekstane som er nytta, er m.a. henta frå folkevisene Jomfruga Ingebjørg, Herr Byrting, Liti Kjersti med fleire der tematikken er å verta innkvervd i elva, skogen og berget.

Kristine Søgnen sine tekstar spinn kring tema som treet, greina, lauvet, dammen, elva, blomen, rota, knuten og kledet. Tekstane tek for seg eit landskap der ein vert både innfalda og utfalda og knyter seg slik til dei gamle folkevisene.

 

Eg veit meg eino ædeli skógi

sunna og vesta fer fjór

der vexe så mange dei ædeli tré

dei venaste på jordi som grór

 

(tekst: frå Jomfruga Ingebjørg)

 

eg har knytt eit kvitt klede kring mitt eige liv

ikkje ei skrukke har det

kven skal løyse den stramme knuten kring livet mitt

kven skal leggje kledet på ein stol eller

kaste det på golvet her eg står

kan eg sjølv løyse det

springe inn mellom bjørkene

 

(tekst: Kristine Søgnen)