Eg heiter Borghild Telnes og har drive Firingan Kalligrafi sidan 1998. Verkstaden min ligg vakkert til ved Seljordsvatnet der eg bur. I dette landskapet finn eg inspirasjon og arbeidsro. Penn, pensel, kniv og nål er nokre av verktøya eg brukar. Den viktigaste reiskapen min er likevel handa som har mange års trening i handverk. For meg er det viktig at alle arbeida mine er handlaga. Eg skriv kvar bokstav, skjer kvar tykkplate og broderer kvar sting for hand. Alle arbeida mine er unika med sine små variasjonar og særpreg. 

Eg arbeider fyrst og fremst med kalligrafi, men kombinerer også dette med ulike trykkteknikkar, t.d. etsing, tregravyr lino og tekstiltrykk. Dei fleste større arbeida mine lagar eg på bestilling. Det kan vera prosatekstar, dikt, visdomsord o.s.b., oftast i kombinasjon med ulike former for ornamentikk. Av andre typer arbeid lagar eg diplomar, handtrykte kort (minigrafikk) og kalligraferte bøker i samarbeid med bokbindar.

Ta gjerne kontakt dersom du vil tinge arbeid hjå meg. 

 

      

      

Kontaktperson: Borghild Telnes 
Hjemmeside: www.borghildtelnes.no
Telefon/mobil: 480 30 097 
E-post: firingan@hotmail.com 
Postadresse: Mosasida 226, 3840 Seljord
Besøksadresse: Mosasida 226, 3840 Seljord
   
   
   
   
   
   
   
   

Curriculum vitae

Borghild Telnes, f. 21. juni 1961

Adresse: Mosasida 226, 3840 Seljord

Tlf.: 48 03 00 97

E-post: firingan@hotmail.com

Heimeside: www.firingan.com Instagram: @borghildtelnes

Borghild Telnes (f. 1961) er ein norsk kalligraf og kunstnar som har drive eigen verkstad sidan 1998. Ho har studert kunsthistorie ved Universitetet i Oslo og seinare studert ved Einar Granums teikne- og maleskole i Oslo. Kalligrafikunnskapen har Borghild frå eit omfattande korrespondansekurs ved Roehampton Institute i London og fleire kurs med kjende kalligrafar. Ho kombinerer ofte kalligrafi med ulike trykk- og tekstilteknikkar, illustrasjon og ornamentikk og dekker ei rekke ulike stilar innan kalligrafi. Borghild Telnes har teke del på utstillingar i inn- og utland.

Borghild Telnes driv Firingan Kalligrafi og tek på seg ulike oppdrag innan kalligrafi for bedrifter, foreningar, offentlege instansar og privatpersonar. I tillegg til tingingsoppdrag arbeider ho og med frie og meir temabaserte arbeid til utstillingar i ulike galleri. Borghild held også ein del kurs i m.a kalligrafi.

Kontakt:

Post- og besøksadresse:
Mosasida 226, 3840 Seljord

E-post:
firingan@hotmail.com

Telefon:
48030097