Eg heiter Borghild Telnes og har drive Firingan Kalligrafi sidan 1998. Verkstaden min ligg vakkert til ved Seljordsvatnet der eg bur. I dette landskapet finn eg inspirasjon og arbeidsro. Penn, pensel, kniv og nål er nokre av verktøya eg brukar. Den viktigaste reiskapen min er likevel handa som har mange års trening i handverk. For meg er det viktig at alle arbeida mine er handlaga. Eg skriv kvar bokstav, skjer kvar tykkplate og broderer kvar sting for hand. Alle arbeida mine er unika med sine små variasjonar og særpreg. 

Eg arbeider fyrst og fremst med kalligrafi, men kombinerer også dette med ulike trykkteknikkar, t.d. etsing, tregravyr lino og tekstiltrykk. Dei fleste større arbeida mine lagar eg på bestilling. Det kan vera prosatekstar, dikt, visdomsord o.s.b., oftast i kombinasjon med ulike former for ornamentikk. Av andre typer arbeid lagar eg diplomar, handtrykte kort (minigrafikk) og kalligraferte bøker i samarbeid med bokbindar.

Ta gjerne kontakt dersom du vil tinge arbeid hjå meg. 

 

      

      

Kontaktperson: Borghild Telnes 
Hjemmeside: www.borghildtelnes.no
Telefon/mobil: 480 30 097 
E-post: firingan@hotmail.com 
Postadresse: Mosasida 226, 3840 Seljord
Besøksadresse: Mosasida 226, 3840 Seljord